Gå til sidens hovedinnhold

Fleire smitta i helga

I helga blei det registrert fire nye smitta i Alver kommune. Det viser tal frå VG sin koronaoversikt. Ifølge oversikta blei alle tilfella registrert søndag.

Laurdag blei det meldt om eitt smittetilfelle knytt til Radøy ungdomsskule. Det gjer at 13 elevar og sju tilsette ved 9A må i karantene.

Det er ikkje meldt om smitte i andre kommunar i distriktet.

Kommentarer til denne saken