Gå til sidens hovedinnhold

Fleire skal inkluderast i arbeidslivet

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Statsbudsjettet for 2021 er vedteke.

Her er mange satsinger og mykje midler skal brukast framover. Eg kjenner på at vi er privilegerte i Norge som har både oppsparte midler og enorme inntekter som kvar dag kjem inn i statskassa. Mange saker og satsinger er eg enig i, men eg er også uenig i fleire av prioriteringane. Slik er det vel med alt. Det skal godt gjerast å vere enig i absolutt alt i eit parti og eit budsjett som blir framlagt, men ei sak og prioritering vil eg slutte meg fullt og heilt til, og det gjeld inkludering i arbeidslivet.

I samfunnet vårt fell nokre utanfor det fellesskapet som arbeidsfellesskapet utgjer. Eg synes det viktig å inkludere fleire og gje fleire moglegheit til å jobbe. Derfor har KrF nå sørga for 300 nye varig tilrettelagde arbeidsplassar det vil kallar for VTA plassar, og 7000 nye tiltaksplassar for å bidra til at fleire ledige nå kjem i arbeid.Den prioriteringa er eg svært glad for.

Dette er viktige arbeidsplassar som eg håper også kjem vår region til gode.

Arbeidslivet kan ikkje styrast av marknaden aleine – det må også styrast gjennom politiske vedtak. KrF ønskjer å leggje til rette for at alle mennesker får ein meiningsfull kvardag. Det kan bety ein jobb å gå til, eit frivilleg engasjement eller ein tilpassa aktivitet. Styrken til lokalsamfunnet, enten det er i by eller bygd, vises ved kor godt ein tar vare på dei som fell utanfor. Vi må stå på og jobbe for å inkludere alle.

Les også

Demokratiets tilstand i Alver kommune

Varig tilrettelagt arbeid er statleg arbeidsretta tiltak som skal gje mennesker med psykisk utviklingshemming, psykiske lidelser eller andre utfordringar ein moglegheit for arbeid. Nedsatt funksjonsevne skal ikkje vere til hinder for at nokon skal kunne delta også i arbeidslivet på lik linje med andre. Arbeid gjev både verdi og meistringskjensle for mange, derfor må vi gjere det vi kan for å leggje til rette for at flest mogleg skal kunne delta.

Fleire studier har sett nærare på kvaliteten i VTA-tiltaket. Forskning viser at dei som deltar i eit VTA-tiltak i stor grad er godt nøgd med tiltaket (Reinertsen 2015). Varig tilrettelagt arbeid gir livsglede til mennesker som ofte fell utanfor samfunnet og som ikkje finn sin plass. Derfor er eg svært glad for at KrF nå har sikra 300 nye varig tilrettelagte arbeidsplassar i budsjettet for neste år, slik ein også har gjort det i foregående år.

Les også

«Vi vil sikre midler ned i organisasjonen og hindre at de største økningene lander i rådmannens nære omgivelser»

I statsbudsjettet for neste år er det også bestemt at 7000 fleire tiltaksplassar skal opprettast for å bidra til at fleire ledige kjem i arbeid. Pandemien har gjort at usikkerheten i norsk og internasjonal økonomi er stor. Ledigheten er høg og etterspørselen etter arbeidskraft vil truleg vere lågare enn på lenge i lang tid framover. Det er derfor viktig å unngå at ledigheten nå stabiliserer seg på et høgt nivå. Som eit ledd i dette ser eg nå at regjeringen vel å prioritere varig tilrettelagt arbeid fordi vi veit det er viktig å inkludere fleire inn i arbeidslivet. Det vil eg applaudere!

Dette er ein skikkelig innsats for å få fleire inn i jobb, og særleg dei som sto utanfor arbeidsmarknaden før pandemien vil prioriterast nå. Dette vil ha ei stor betydning for enkeltmennesker sin kvardag. Neste år vil det altså vere 7000 fleire som vil ha ein jobb å gå til kor dei kan oppleve meistring, få nye utfordringar og ser at dei er bidragsytarar i samfunnet på lik linje med andre. Det er viktig for alle mennesker.

Les også

Dramatiske kutt i barnehage og skule

Kommentarer til denne saken