– Vi ber trafikantane om å vere varsame med å ferdast på vegane. Om du ikkje må, så la det vere, seier avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Statens vegvesen Svenn Finden i ei pressemelding.

Tidleg fredag ettermiddag sender vegvesenet ut ei åtvaring til trafikantane. Det er sendt raudt farevarsel for flaum for midtre og indre delar av Vestland fylke. Resultatet kan bli omfattande overfløymingar, erosjonsskadar og flaumskadar, står det i pressemeldinga.

– Vi veit at slik nedbør kan føre til stengde vegar og bruer, seier Finden.

Alt klokka 11:30 fredag var seks fylkesvegar heilt stengde på grunn av flaum eller skred.

Medan farevarselet for flaum er raudt (ekstrem fare) i indre og midtre delar av fylket, er det gult i ytre strok (moderat fare).

I tillegg er det fleire andre farevarsel i Nordhordland før helga. Det er gult farevarsel for jord- og flaumskred i heile Nordhordland og Gulen ut helga.

I havgapet er det sendt ut gult farevarsel om vind. Fredag ettermiddag er det venta vind opp til sørvest stiv kuling (15 m/s), men dette skal minke frå fredag kveld.

Det er og farevarsel for mykje regn i Nordhordland og resten av Vestland. Det er venta mest regn i indre og midtre strok. Frå torsdag kveld og fram til og med fredag kveld er varselet for midtre strok, som inkluderer Modalen, Masfjorden og indre delar av Gulen opp mot 150 mm.

Fredag ettermiddag og kveld er det i Modalen at meteorologane ventar mest nedbør i vår region, varselet er på 37 millimeter.

Klokka 14:42 ber også Vest politidistrikt folk om å vere varsame på grunn av flaumvarselet i indre og midtre delar av fylket.

– Politiet ber folk i utsette område vere varsame og unngå å ferdast utandørs med mindre det er strengt naudsynt. Det er høg risiko for skred, stor vassføring og flaum. Vegar kan bli stengt på kort varsel, seier operasjonsleiar Jørgen Ommedal i ei pressemelding.