Fleire elevar og lærarar må i karantene
Ein person knytt til Radøy ungdomsskule har fått påvist koronaviruset.
Det melder Alver kommune i ei pressemelding.
13 elevar og 7 tilsette ved Radøy ungdomsskule må i karantene som følge av det registrerte smittetilfellet.
Elevane, som høyrer til i klasse 9a, må halde seg heime frå skulen neste veke.
– Karantenetida gjeld til og med laurdag 16. januar. Dette betyr at elevane får digital undervisning heile neste veke og først kan komme tilbake til skulen måndag 18. januar, skriv kommunen.
Raudt nivå
Alle tilsette og føresette skal vere informerte om smittesituasjonen.
– Ungdomsskular i heile landet har vore på «raudt nivå» sidan måndag etter juleferien. Vi har difor delt elevane inn i mindre grupper, og treng berre sende om lag halve klassen i karantene, fortel rektor Herø.
Den smitta er nærkontakt til eit tidlegare koronatilfelle i kommunen.
Kommunen jobbar med smittesporing, og nærkontaktane til den smitta vil bli testa.
Kommentarer til denne saken