Nordhordlendingar sørgar for at det vert liv på populære «Lille Fisketorget»

Av

Sprell levande torsk er berre minutt unna bergenske fiskegryter. I det mest kystmaritime miljø du kan tenka deg, står folk i kø – lang kø! Og det før salet startar.

MED TORSK I BLIKKET: Langt de fleste ønsket seg fersk torsk, og yrkesfisker Jan Arve Birkeland og hans kompanjong, Thomas Borlaug, sørget for varene for tredje fredagen på rad. FOTO: TOM R. HJERTHOLM

MED TORSK I BLIKKET: Langt de fleste ønsket seg fersk torsk, og yrkesfisker Jan Arve Birkeland og hans kompanjong, Thomas Borlaug, sørget for varene for tredje fredagen på rad. FOTO: TOM R. HJERTHOLM

DEL

I båten står yrkesfiskar Jan Arve Birkeland (50) frå Flatøy og hjelpemann Thomas Borlaug. Dei bløggar fisk for harde livet.

– Drog ut lenge før det vart lyst i dag. Alt du ser her, kjem frå Flatøy-området.

Og det er eit assortert utval dei mange kan snopa «i fiskedisken».

– Torsk, flyndre, pale, lyr, hyse, lange pluss krabber og kreps.

Thomas ramsar opp sortane. Det skriv BA.

LES OGSÅ: Naboar protesterer mot gigantisk oppdrettsanlegg

Sjømat to fredagar på rad

Éin av kundane er Mette Eilertsen som jobbar ved Norges Fiskerimuseum – eit ørlite flugekast unna. I bereposen ligg «flatøytorsken» til 60 kroner kiloet.

– Kjøpte også førre fredag. Då vart det nykokte kreps til fredagskosen, kjøpt her hos Birkeland – og vi spedde på med litt krabbe. Søndagen hadde vi avkokt torsk til middag, seier ho med andakt i stemma.

– Også denne gongen har eg kjøpt kreps og torsk.

– Kan hende var det fleire her førre fredag, seier Jan Arve Birkeland.

Men han har berre stått her i underkant av éin time. Det er framleis to igjen.

Dette er tredje fredagen han tek turen til byen med sjømat om bord i den vesle båten.

– Bruker frå ein halvtime til tre kvarter inn hit, så vi snakkar om både kortreist og ikkje minst fersk fisk!

Etter at det vart gitt løyve til fiskesal direkte frå båt i Bergen kommune, er Sandviken andre plassen det er mogleg å kjøpa «fredagstorsk».

– Men kommande fredag blir nok den siste på ei god stund. Blir borte ein månads tid, seier yrkesfiskaren frå Nordhordland.

No går snart turen nordover, kor han allereie har seglt opp den eine av to fiskebåtar, ti meter lange «Victoria» – kalla opp etter eine dottera.

– Skal til Røst, kor båten no ligg og så blir det torskefiske dei neste vekene.

LES OGSÅ: Frå dette rommet fôrar Elisabeth og Marte tusenvis av fisk

Vidare på skreifisket

Når skreifisket nordpå er over, er tanken til Birkeland å ta «Victoria» sørover igjen – og bruka den til byturane og hopen her føre Norskes Fiskerimuseum/Bergen Kystkultursenter.

– Vi skundar oss langsamt, for å seia det slik. Målet på sikt er å få til ein skikkeleg marknad her på området. Begynte med fisk og sjømat, og i dag også sal av lefser. Her kan det bli mykje meir, påpeikar dagleg leiar ved kystkultursenteret, Egil Sunde.

På andre sida av gata ligg Sandvikstorget som eigentleg aldri har vore torg i vanleg forstand, men meir eit senter rundt «pratebomtreet» som markerte plassen. Her låg Sandvikstorgets Bakeri.

Motsett side av Sjøgaten er allereie døypt «Lille Fisketorget», og har store moglegheiter for å bli langt større og meir innhaldsrikt.

Eit skikkeleg torg med andre ord!

– Vi ønsker berre å få til liv og røre og aktivitetar i elles litt døde Sandviken, seier Sunde.

LES OGSÅ: Har desse ungdommane teikna det som skal redda laksenæringa?

Artikkeltags