(Firdaposten): Fjord1 sine samla driftsinntekter i 2019 er på 2 724 millionar MNOK, som er ein nedgang på 12 %. Bakgrunnen er ei endring i kontraktsporteføljen, skriv selskapet i ei pressemelding.
Selskapet har gjort store investeringar i fartøy, ombygging av fartøy og infrastruktur i 2019. Dette beløper seg totalt til 2 399 MNOK.
EBITDA i 2019 er på 819 millionar NOK, ein nedgang frå 2018 på 232 millionar NOK. Samstundes vart resultat etter skatt på 215 millionar, samanlikna med 540 millionar NOK i 2018.
Krev umiddelbar handtering av ferjeproblema: – Fullstendig uhaldbar situasjon
– Eit overgangsår
- 2019 var eit «overgangsår» med endringar i kontraktporteføljen, store investeringar og tilrettelegging for oppstart av seks nye kontraktar 01.01.2020. Fjord1 leverer også i år eit sterkt resultat i eit år prega av store endringar og særs høg aktivitet, dette er vi godt nøgd med, seier Dagfinn Neteland, adm. dir i Fjord1.
Fjord1 har lagt bak seg eit spennande år med oppstart av tre heilelektriske samband. I dag seglar totalt sju ferjer heilelektrisk og innan utgangen av 2020 vil dette auke til totalt 29 elektriske ferjer. Det har vore ein tidkrevjande prosess å utvikle teknologien og bygge ut ladesystem for elektrisk ferjedrift, men i dag kan vi dokumentere at teknologien fungerer i tråd med føresetnadene.

Innstilte ferjeruter går utover skuleelevar
Norges mest miljøvennlege tilbydar
Fjord1 er i ferd med å fullføre eit omfattande program for fornying av ferjeflåten som vil gje den største elektrifiserte flåten i Noreg. Dette vil gje ein reduksjon i miljøutslepp og er eit viktig steg på vegen mot selskapet sin visjon om å bli den mest miljøvenlege tilbydaren av ferjetransport.
- Storparten av arbeidet med å elektrifisere ferjesambanda vil bli sluttført i 2020. Også innanfor reiselivsområdet arbeider vi vidare med miljøvenlege løysingar. Her er det mange moglegheiter og med gode resultat i ryggen held vi fram vår grøne reise mot nullutslepp på fjordane, avsluttar Neteland.
