Selskapet har i 2018 teikna tre store anbodskontraktar i Møre og Romsdal, og har no kontraktar for ein samla verdi på 22 milliardar kroner.

I 2018 starta Fjord1 det heilelektriske ferjesambandet på Anda-Lote, tok imot i alt sju nybygg, og skal frå 2020 ha nærare 30 elferjer i drift.

Selskapet inngjekk i fjor ein intensjonsavtale med NSB-konsernet om å etablere eit felles nasjonalt reiselivsselskap som skal utvikle nye reisemål og bidra til heilårsturisme i Noreg.

– God, sikker og effektiv drift blir saman med nasjonal reiselivssatsing heilt sentralt i åra framover, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland i ei pressemelding.