Fjerde person smitta av korona i Alver

DEL

Fredag formiddag er det bekrefta at ein ny person har fått påvist korona-smitta.

– Vi kan ikkje sei noko meir enn at det er fire som har påvist korona i Alver per no, seier kommunikasjonsleiar i Alver kommune, Silje Andvik Hoaas, til Avisa Nordhordland.

Det er kommunen sjølv som bekreftar det nye tilfellet.

Personen er den fjerde i Alver kommune som har fått påvist viruset. Dei to første tilfella vart påvist 13. mars, i tillegg til eitt tilfelle den 14. Det har også blitt påvist smitte i fleire nabokommunar til Nordhordland og Gulen, som Solund, Høyanger og Vaksdal.

– Vi har grunn til å meine at vi har smitte som ikkje er knytt til utanlandsreiser, også i Alver kommune. Difor er det viktig at folk følger råda frå dei nasjonale helsemyndigheitene: Vaske hender, halde avstand til andre, hoste i papirlommetørkle eller olbogekroken og finne gode alternativ til å handhelse og klemme.

Foreløpig er det ikkje rapportert om smitte i dei andre nordhordlandskommunene, i tillegg til Gulen.

Artikkeltags