Fiskeriminister Elisabeth Aspaker la fram regjeringa sine tankar om norsk fiskeripolitikk i framtida, i Skjerjehamn i Gulen, torsdag 19. februar.
 

-Leverandørnæringa i oljeindustrien vil krympe, og annan konkurranseutsett verksemd må vekse fram. Etter mange år med særskilt norsk lønsvekst, må kostnadsnivået her heime igjen tilpassast nivået hos våre handelspartnarar, seier ho.
 

Sogn og Fjordane Høgre, saman med Gulen Høgre, hadde invitert statsråden. Målet var å vise fram den breie aktiviteten innan fiskeri og havbruk i regionen. Etter ein rundtur til Havforskingsstasjonen på Matre, fiskefôrforskinga på Mongstad, kveiteproduksjon i Bjordal, og Firda Seafood, var det tid for oppsummering i ope møte.
 

– Vi ønskjer fokus på all verdiskapinga, distriktsutbygginga og transportbehovet som kjem som følgje av denne aktiviteten, understrekar Arve Mjømen, leiar i Sogn og Fjordane Høgre.
 

La premissane

Statsråden tok utgangspunkt i sentralbanksjefen sin årstale, men understreka samstundes at diskusjonane måtta vere grunna på nokre viktige premissar.
 

- Arbeidsplassane må vere lønsame. Berre slike er trygge arbeidsplassar. Den framtidige veksten i havbruksnæringa må vere miljømessig berekraftig, seier ho.
 

Statsråden vektlegg tre viktige politiske prosessar, ei løypemelding, som vil verte avgjerande for framtida til sjømatnæringa.
Det gjeld dei komande stortingsmeldingane om sjømatindustrien og havbruksnæringa, og utarbeidinga av ein masterplan for marin forsking.
 

– Vi har tilgong til store havområde, ei lang kystlinje og eit berekraftig forvalta økosystem.Norsk sjømat har aldri vore meir ettertrakta ute i verda enn no, understrekar statsråden.
 

– Det vil gjere vondt

Statsråden er uroa over lønsemda i industrien, med eit driftsresultat på under 1% både i 2012 og 2013, sjølv om det vart eksportrekord førre året for norsk sjømat. Den førre regjeringa sette difor ned eit utval som fekk i oppdrag å sjå på sjømatindustrien sine rammevilkår. Utvalet sin rapport skal liggje føre 30. april i år.
 

– Etter dette skal det lagast ei stortingsmelding der eg presenterer regjeringa sine framlegg til rammevilkår, seier ho. Og legg til at målet er at meldinga som skal vera klar før jul, må få breiast mogleg fleirtal i Stortinget.
 

- Vi ønskjer å leggje til rette for bærekraftige bedrifter der ressursane er. Eg vil understreke at det må vere lønsamt, seier Aspaker.
– Endringsframlegga som vil kome er ikkje koselege, eller romantiske. Men det er slike omstillingar som har gjort at Norge er i stand til å ha høg produktivitet over lang tid. Det er omstilling som skal gje oss høg produktivitet i framtida og.
 

Statsråden har og synspunkt på spørsmål knytte til den sokalla ”deltakarlova”, om sjømatindustribedrifter skal kunne eige fiskebåtar, på lik linje med aktive fiskarar. Ho har sett i gang eit arbeid med grundig juridisk vurdering av desse spørsmåla.
 

Tre alternative modellar

Det vil kome ei Stortingsmelding før påske. Eit utkast med tre alternative modellar har vore på høyring. Dei alternative modellane som har vore skissert er:
 

1. Tildelingsrunder slik vi har hatt, men med objektive kriterium fastsett frå gong til gong.
 

2. Ein årleg prosentvis vekst,
 

3. Ein handlingsregel med miljøindikatorar og soneinn-deling
 

Statsråden understrekar at føresetnaden for dei val som vert gjorde er at kapasitetsvekst i havbruksnæringa må vere grunna på eit berekraftig og sunt omsyn til miljøet.
 

Forsking og innovasjon

Norge bruker 3,2 milliardar kr på marin forsking i året. 2 mrd av desse er offentlege midlar. Statsråden la stor vekt på at det likevel er trong for å målrette og prioritere midlane, slik at ein får meir att for investeringane. Det skal difor lagast ein ”Masterplan” for marin forsking, som skal presenterast til hausten, og vil gjerne ha innspel innan 2. april.
 

Statsråden har klare, lang-siktige visjonar og mål for næringa, og avsluttar med følgjande:
 

– Vi tek utforminga av fram-tida sin politikk for sjømat- industrien til Stortinget av di vi ønskjer breiast mogeleg støtte om politikken. Vi kan ikkje ha rammevilkår som vert endra etter kvart val. Difor er det viktig for meg å unngå at dette vert eit politisk spel.
 

Lokal havforsking

Øyvind Torslett frå Havforskingsinstituttet i Matre presenterer bedrifta som vart etablert i 1971, og kvifor Matre vart vald som lokalisasjon.

Forskar Tom Hansen orienterer om sitt arbeid knytt til rømt fisk og lakselus. Men mest interessant er oppgåvene knytt til diploide og triploide dyr.

Kort fortalt har triploide dyr ikkje evne til å reprodusere seg. Dette vil kunne løyse problema knytt til rømt fisk som soleis ikkje kan spreie genane sine i sjø, vatn eller elvar.
 

Engasjert fiskar

Bjarte Sørhaug er leiar for det lokale fiskarlaget. Han ser konkurransen frå oljeindustrien som ei stor utfordring for rek-rutteringa til fiskaryrket, men er sikker på at fiskeri og havbruk kjem til å leve lenge etter siste oljedråpen er skvisa ut or havbotnen. Han er glad fiskeriministeren vil høyre på kva gulingane har på hjartet, og kjem med følgjande innspel: Fiskarlaget er oppteken av at vi i framtida har ein fiskeflåte som i all hovudsak er fiskareigd. Lokalt eigarskap er viktig for utviklinga av kysten. Det er og viktig å oppretthalde ein norskeigd fiskeflåte. Det er mange som kjem med spørsmål om framlegget frå ”Tveterås-utvalet” vil kunne sleppe utanlandske aktørar til på bana.

Nasjonal Algepilot

Øyvind Kråkås orienterer om sitt arbeid med mikroalgar, eit verdfullt tilskot til omega-3 produksjonen oppdrettnæringa er så avhengig av.
 

– CO2 frå Mongstad skal brukast til å dyrke algar til fiskefôr. I løpet av 2015 skal eit 300 kvadratmeter stort testsenter stå klart. Ideen bak den nasjonale algepiloten er å utnytte fotosyntesen; prosessen som får planter til å leve og vekse ved hjelp av næringsstoff, vatn, CO2 og sollys, seier han.
 

Sognaqua

Jan Arne Brekke sin visjon for bedrifta ved Sognefjorden er innovasjon og nyskaping.
 

– Målet er å produsere kveite av høg kvalitet. Dette skal gjerast i kar på land. Ressursen er ei utømeleg kjelde av reint og rett temperert vatn djupt nede i Sognefjorden. Målsetjinga er å produsere 4000 tonn med kveite i landbaserte anlegg, seier Brekke.
Ola Braanaas frå «Firda Seafood» seier havmatproduksjon kan to voer når olja tek slutt.
 

– Vi må ha tru på framtida. Gje næringa ein vekst på 3-5 prosent i året, er hans klåre oppmoding til fiskeriministeren.