Fiskekveld om torskefisk

POPULÆR: Torsken er vår mest populære saltvassfisk.FOTO: Privat

POPULÆR: Torsken er vår mest populære saltvassfisk.FOTO: Privat

Artikkelen er over 3 år gammel

I dag inviterer Fiskestellsutvalget i Nordhordland JFF til ny fiskekveld i Nordgardsløa. Torskefiskane våre er tema.

DEL

Torsken er vår mest populære saltvassfisk, og no i dei kalde månadane trekk fisken grunt og er lett å koma i kontakt med. I Nordgardsløa onsdag kveld lærer du deg korleis. Du får også vita korleis du fiskar torsk resten av året, med både kunstige og naturlege agn.

– Torsken er den mest kjende arten av torskefiskane, men den er absolutt ikkje den einaste. Fiskar som lyr, sei, lange, brosme, kviting, hyse og blålange er også del av slektstreet, og under fiskekvelden skal vi snakka om alle saman, og gå gjennom kvar og korleis vi fiskar dei ulike artane, seier utvalsleiar Jan Hinriksson.

LES OGSÅ: – Eg fekk ein høg fisk på kroken

Fiskekvelden vert denne gangen todelt. Først vert det foredrag om dei ulike torskefiskane våre, og korleis ein fiskar desse, ved Hooked-redaktør Endre Hopland. Etter foredraget vert det knyting av takkel mynta på diverse torskefisk.

– Det er som vanleg gratis å delta på føredraget, men dei som vil vera med på takkelknytinga må ta med seg ein 50-lapp. Denne dekker materialet vi treng til knytinga. Alle får sjølvsagt med seg sitt eige takkel heim igjen etterpå, slik at det også kan testast i praktisk bruk, seier Hinriksson.

LES OGSÅ: Fiskelykke for Sunniva

Fiskestellsutvalget stiller med kjeks, kaffi og brus, og alle som vil er hjarteleg velkomne til Frekhaug denne onsdagskvelden. Dørene opnar ein liten halvtime før foredragsstart.

Innsendt av Endre Hopland

Artikkeltags