– Eg fekk ein høg fisk på kroken

– VIKTIG Å SVEIVA: Storm Viktor Valland (7) fortel at han fenn den største fisken på Barnas fiskedag. – Eg fekk ein veldig høg fisk. Det er viktig å sveiva med fiskestonga, for då kjem fisken, seier han.

– VIKTIG Å SVEIVA: Storm Viktor Valland (7) fortel at han fenn den største fisken på Barnas fiskedag. – Eg fekk ein veldig høg fisk. Det er viktig å sveiva med fiskestonga, for då kjem fisken, seier han. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Søndag gjekk den årlege Barnas Fiskedag av stabelen i Kvamsvågen. – Det er viktig å sveiva med stonga.

DEL

Det seier Storm Viktor (7), som fortel at han liker å eta all slags fisk – utanom makrell. 7-åringen kan triksa for å få napp på kroken.

– Det er berre til å sveiva litt med stonga, så kjem fisken fort. Eg tok ei reke på snøret, for det veit eg at fisk liker, seier den vesle fiskeentusiasten.

– Eg fekk ein høg fisk, faktisk trur eg det var den største fisken av alle, seier Storm Viktor stolt.

LES OGSÅ: Fiskelykke for Sunniva

– Vil koma att neste år

Tore Kalnes tok med kona Grethe og sonen Eivind Smith (4) på Barnas fiskedag.

– Vi har aldri vore med på dette før, men eg synest det var veldig kjekt – det er eit flott tiltak. Eg trur nok vi kjem att neste år, seier pappa Tore.

– Det er spanande for borna når dei får napp, seier Tore, som kjem frå Marås.

LES OGSÅ: Fiskefestival på Fedje: Edel fekk fisk som var større enn ho sjølv

– Elskar å fiska

– Eg elskar å fiske, og får nesten alltid fangst. Viss ein har ein god gummisluk, som lagar bevegelse i vatnet, kjem fisken å bit på med ein gong. Det er også lurt med eit langt snøre, for makrellen liker seg på djupet, seier Eirik Paulino Olsen (8).

Artikkeltags