Naturskadar for 600 millionar kroner i 2018

Uvêret Nina stengde Nordhordlandsbrua i 2015. Også i 2018 fekk folk og forsikringsselskap merka naturkreftenes herjingar.

Uvêret Nina stengde Nordhordlandsbrua i 2015. Også i 2018 fekk folk og forsikringsselskap merka naturkreftenes herjingar. Foto:

Av

I 2018 er det registrert naturskadar for rundt 600 millionar kroner. Det viser tal frå Finans Norge og Norsk Naturskadepool.

DEL

Over halvparten av erstatningane i 2018 kom etter uvêret i haust. De største skadane og høgste erstatningane kom etter haustflaumen i Oppland. Deretter følger hauststormen «Helene» som særleg råka Vestlandet og Sørlandet.

I tillegg til naturskadane kjem ei rekke vasskadar relatert til overflatevatn etter kraftige regnbyer, samt skader på biler og båtar som ikkje er inkludert i disse tala.

På Vestlandet var det ekstra vått sist haust, og det blei sett nye nedbørsrekordar mange stader.

– Trass i utfordringar rundt smeltinga av store snømengder i fjellet i fjor, gjekk det nokså bra totalt sett. Likevel er det alltid nokon som blir hardt råka av flaum og uvêrsskadar, seier kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Norge.

I 2017 utbetalte forsikringsselskapa til saman 874,5 millionar kroner i erstatning etter naturskadar.

Artikkeltags