Nordmenn skuldar staten 13,3 milliardar kroner

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

200.000 nordmenn skuldar Statens innkrevjingssentral til saman 13,3 milliardar kroner. Det er ny rekord. Statens innkrevjingssentral ligg under Finansdepartementet og sørger for innkrevjing av statlege krav. Krava utgjer blant anna bøter, erstatning, NRK-lisens, studielån og trafikk- og parkeringsgebyr.

Seniorrådgivar Turid Brendberg i Statens innkrevjingssentral seier til Nettavisen at mellom 40 og 50 prosent av dei som skuldar staten pengar er menn under 40 år. 

– Det er ein overrepresentasjon av menn i sin beste alder som er busett på Austlandet. I det totale bildet er 30 prosent kvinner. Resten er altså menn, seier Brendberg.

Artikkeltags