Gå til sidens hovedinnhold

Bygdekinoen med 25 prosent auke i 2016 – Fekk fleire på besøk

Artikkelen er over 4 år gammel

Over 21.000 besøkte bygdekinoar i Hordaland i fjor.

– Vi har hatt det beste besøket sidan tida i Statens filmsentral. I klartekst betyr det at vi må tilbake til før 1988 for å finne eit besøk som kan matche dette, seier leiar av Bygdekinoen, Arnfinn Inderhaug i ei pressemelding.

Hordaland på topp

Totalt var det 154.000 kinogjengarar som løyste billett til framsyningane til Bygdekinoen i 2016. Det er ei auke på meir enn 30.000 besøkande samanlikna med året før. Dei fleste av desse besøkte ein kino i Hordaland: Heile 21.815 personar løyste billett til Bygdekinoen her i 2016. I 2015 var talet besøkande 19.780.

Mykje norske filmar

Topp 20 i 2016:

  • Snekker Andersen og julenissen: 16.790
  • Kongens nei: 12.660
  • Børning 2: 12.008
  • Solan og Ludvig - Herfra til Flåklypa: 10.675
  • Mannen fra Snåsa: 7.963
  • Oppdrag Dory: 7.053
  • Alvin og Gjengen: I farta: 6.618
  • Trolls: 6.466
  • Birkebeinerne: 5.308
  • Gråtass - gøy på landet!: 4.635
  • Angry Birds Filmen: 4.603
  • Gråtass gir gass: 4.103
  • Istid: På Kollisjonskurs: 4.099
  • Kung Fu Panda 3: 3.968
  • Jungelboken: 3.393
  • Den Gode Dinosaur: 3.297
  • Fabeldyr og hvor de er å finne: 2.529
  • Suicide Squad: 2.488
  • Storkene: 2.456
  • Bridget Jones' Baby: Alle gode ting er tre: 2.440

Kjelde: Film & Kino

Det var først og fremst norske filmar som trakk mest publikum. Heile sju av ti filmar på topp 10-lista for 2016 er norske, og norskdelen på nesten 54 prosent er den høgste som er målt hos Bygdekinoen dei seinare åra.

– Det er spesielt stor interesse for norsk film på våre spelestader, og det er ikkje så overraskande for oss at Snekker Andersen og julenissen toppar lista følgt av Kongens nei. Familiefilmane gjer det gjerne noko sterkare på bygdene enn dei gjer det i byane. Det var til dømes ingen kino som hadde betre besøk enn oss på Gråtass gir gass, fortel Inderhaug og held fram:

– Med Kongens nei og Mannen fra Snåsa fekk vi dessutan trekt mange godt vaksne til Bygdekinoen, og det er veldig hyggeleg. Det viser at om vi har dei riktige filmane, kjem publikum i alle aldrar på kino, seier Inderhaug.

Kommentarer til denne saken