Gå til sidens hovedinnhold

FHI opnar for å la lærarar rykkje framover i vaksinekøen

Ved stor smittespreiing bør lærarar og anna pedagogisk personell blir prioritert i vaksinekøen, meiner Folkehelseinstituttet (FHI).

Denne gruppa kan prioriterast spesielt etter at alle risikogruppene (alle ned til 45 år) og helsepersonell er vaksinerte, heiter det i eit nytt fagleg råd om vaksinar som vart publisert onsdag.

FHI tek likevel atterhald om at dette skal berre skal gjelde ved stor smittespreiing, som gjer det vanskeleg å ha skular i normal drift.

– Dette kan verne både lærarar og anna pedagogisk personell, men også bidra til å halde oppe opne skular og barnehagar og slik verne kvardagen til barn, heiter det.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken