FHI med gladmleding om klemming

DEL

Fredag kom FHI med ei gladmelding til heile det norske folk.

Endeleg kan ein klemme andre igjen!

– Vi har vore ganske strenge i starten av utbrotet med at ein skal halde ein meter til alle utanfor din eigen husstand, men så lågt som smittetalet er no tenker eg det er greit å gi ein klem til nære venner, seier overlege Are Stuwits Berg til VG.

Til VG uttalar han også at sjølvsagt aukar smittefaren jo fleire ein klemmer, og at ein burde halde klemmetalet lågt.

FHI presiserer samstundes ovanfor NTB at dei ikkje anbefalar klemming med alle – ei heller med alle venner.

– Are Stuwitz Berg har ikkje sagt eller meint at det åpnast for klemming med alle venner. Han har sagt at ein kan klemme sine nærmaste, slik det har vore ei stund allereie, skriv FHIs medievakt i ein epost til NTB.

Dei understreker framleis at det er viktig å halde på dei vanlege smittevernstiltaka.

Artikkeltags