FHI: Éin av hundre nordmenn har vore koronasmitta

Oslo 20200416. 
Direktør ved Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg.

Oslo 20200416. Direktør ved Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg. Foto:

Av

Om lag 1 prosent av befolkninga i Noreg har vore smitta, trur FHI. Smitteverntiltaka har bringa koronaepidemien under kontroll – han er no på retur.

DEL

Det kom fram i Folkehelseinstituttets (FHI) sjette risikovurdering, som vart lagt fram tysdag.

– Ho viser at smitteverntiltaka i Noreg har ført epidemien under kontroll i Noreg. Den første bølgja er på kraftig retur, sa direktør i Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg under den daglege pressekonferansen om koronakrisa tysdag.

1 prosent har vore smitta

Smittespreiingstalet er no på rundt 0,7.

– Der har det halde seg ei stund, og vi ventar at det held seg der i vekene framover, sa ho vidare.

Det er no om lag 3.500 smitta i Noreg, anslår FHI.

Truleg har om lag 1 prosent av befolkninga vore smitta, men mørketala er store. Fire av fem smitta blir kanskje aldri diagnostiserte, ifølgje Stoltenberg.

Det blir no jobba med fleire studiar som skal kartleggje mørketala. Éin av dei er allereie i gang.

Stort sannsyn for spreiing

Eit smittetal under 1 antydar at det ikkje er aukande smitte i befolkninga, ifølgje FHI. Samtidig blir sannsynet for smittespreiing i Noreg no vurdert som høg.

Spreiinga avheng i stor grad av tiltaka som blir sette inn.

– Sidan epidemien er under tydeleg påverknad av smitteverntiltaka, er det ikkje mogleg å peike på når ein epidemi i Noreg når toppen. Dersom påverknaden på epidemien held fram som no, er vi over toppen av den første bølgja, seier områdedirektør Geir Bukholm ved FHI i ei pressemelding.

FHI anslår at minst 1 prosent av alle smitta vil ha behov for sjukehusinnlegging. Rundt ein firedel av desse vil ha behov for mekanisk pustehjelp.

Tiltaka må justerast

Stoltenberg understreka at den norske befolkninga ikkje er immun.

– Få har hatt sjukdommen, få har vorte smitta, seier ho.

Smittetiltaka må framover blir justert i tråd med utviklinga av smitten og kunnskap om sjukdommen, meiner FHI.

Dei meiner ein slik strategi har fire føresetnader:

* Auka testing og betre overvaking

* Målretta smitteverntiltak

* Førebu helsetenesta på fleire sjuke

* God dialog med befolkninga

Kontaktreduserande tiltak ikkje haldbare

FHI meiner mellom anna at omfattande kontaktreduserande tiltak ikkje er haldbare særleg lenge, men bør erstattast av målretta testing og isolering, smitteoppsporing og karantene.

Det er mykje meir målretta fordi ein då tek ut smittekjelder, men lèt dei ikkje-smitta halde fram med å møtast. Desse tiltaka bør styrkjast no som dei kontaktreduserande tiltaka blir trappa ned, skriv FHI.

– Det er berre immunitet i befolkninga, naturleg eller etter vaksinasjon, som på sikt vil stoppe epidemien som folkehelseproblem, seier Bukholm.

Artikkeltags