Gå til sidens hovedinnhold

FHI: Alle vaksne kan vere fullvaksinert til sommaren

Dersom vaksineleveransane går som planlagt, kan alle over 18 år i Noreg vere fullvaksinert innan sommaren, meiner FHI.

– Viss alt går etter planen med leveransane av vaksinane vi har ein avtale om og at dei vaksinane som er under arbeid blir godkjende, trur eg alle over 18 år kan vere fullvaksinerte til sommaren, seier smitteverndirektør Geir Bukholm, til Aftenposten.

Tidlegare fredag kunngjorde helseminister Bent Høie (H) at ein ny EU-avtale sikrar Noreg i overkant av 2,4 millionar dosar med vaksinen frå Pfizer og Biontech.

I tillegg har Noreg ein opsjon på 1,12 millionar dosar. Dette kjem på toppen av dei 3,7 millionar dosane Noreg allereie har avtale om.

– Dette kan igjen opne for ein lette på tiltaka i sommar, seier Bukholm.

Les også

Elise (11) ble smittet av korona: Slik unngikk hun at resten av familien ble rammet

Kommentarer til denne saken