Mange ville over Sognefjorden – ventetida var opptil ein time i Lavik

DEL

(Firda): Søndag klokka 17.00 melde Vegtrafikksentralen at det var ein times ventetid på Lavik ferjekai.

I 18-tida var er det framleis kø på ferjekaia. Ferieavvikling og countryfestival er truleg årsaka til ventetida, opplyser Vegtrafikksentralen.

Også mellom Mannheller og Fodnes har det vore ein time venting søndag ettermiddag. Klokka 20.00 melder Vegtrafikksentralen at det ikkje lenger er kø på nokre av ferjesambanda.

Men problema var ikkje over:

Grunna tekniske problem med ein ladestasjon utgår Ampere sine avgangar frå lavik klokka 20.10 og 20.40 frå Oppedal, opplyser Vegtrafikksentralen like etter.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags