Måndag melder Alver kommune om fem nye smittetilfelle som vart registrerte i helga.

Eitt tilfelle på fredag, eitt på laurdag, og tre på søndag.

I ei pressemelding opplysast det om at to av tilfella truleg er ein del av utbrotet som er knytt til fleire skular og barnehagar i kommunen.

– Smittesporing viser sannsynleg samanheng mellom 19 av tilfella som er meldt sidan laurdag 31. oktober. Smitten har gått frå ein smitta og vidare til andre - på det meste gjennom seks ledd, seier kommuneoverlege Terese Folgerø.

Førre veke innførte Alver kommune nye koronatiltak for å slå ned på smitten. Kommuneoverlegen håpar at dei nye tiltaka vil gi viruset færre moglegheiter til å spreie seg.

Ukjent smitteveg

– I tillegg til utbrotet har vi fleire tilfelle med ukjent smitteveg. Det betyr at fleire av oss kan ha koronavirus og smitte andre utan at vi sjølv veit om det, fortel kommuneoverlegen.

Ho oppmodar til å halde seg mest mogleg heime, ha minst mogleg kontakt med andre, halde avstand og bruke munnbind der det er eit krav.

– Vi reknar med at vi berre oppdagar 40 prosent av dei som er smitta. Det betyr at alle bør oppføre seg som om dei har viruset og kan smitte andre. Innsatsen til kvar enkelt av oss er avgjerande om vi skal klare å stoppe viruset, seier kommuneoverlegen.