Fekk over 3000 i bot for forbikøyring

Politiet var klare då bilisten kom til Knarvik torsdag.

DEL

Torsdag ettermiddag stod politiet i Knarvik og venta på ein bilist som kom sørover.

Dei hadde nemleg fått melding om at mannen hadde foretatt seg ei forbikøyring i på E39 Romarheimsdalen, og med dette kryssa sperrelinja.

Politiet venta i Knarvik

– Vi fekk inn ei melding, og var derfor klare til å møte bilisten då han kom til Knarvik, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg til avisa.

Like etter kom bilisten som vart forbikøyrd og bekrefta at politiet hadde stoppa riktig person.

Vitnet forklarte at personen hadde køyrd forbi fleire bilar medan han kryssa sperrelinja. Bilisten innrømma dette, og godtok det forenkla førelegget politiet gav.

Etter politiet sine satsar er straffen for dette 3200 kroner i bot, i tillegg til tre prikkar i førarkortet.

Dei siste dagane har politiet hatt mykje å gjere på i trafikken. Meir om det kan du lese her:

Artikkeltags