Fekk inn fleire tusen kroner på livestream-konsert: – Kanskje gjentek me suksessen og streamar på nytt

 – Me bur tett ved den nye turstien på Manger, og me fekk ein del positive tilbakemeldingar på spelinga etter øvingane våre. Så derfor tenkte me at me ville arrangere ein konsert og streame på Facebook, samtidig som me ville prøve å støtte ei god sak.