Torsdag ettermiddag var kaien på Leirvåg i Austrheim full av folk som hadde tenkt seg over fjorden. Men ferjeturen over fjorden til Sløvåg vart det ingenting av.
Feil med lading skal vera grunnen til at ferja ikkje går, og ikkje kjem til å gå på mange timar.
Reporteren til Nordhordland på staden får opplyst på at ein no ventar på at folk skal komma frå Bergen for å prøva å løysa problema med ferja.
– Hang fast i kaien
På kaien fekk passasjerane opplyst at det neppe kom til å gå ferje før til kvelden, men etter to timar var problema løyst, og ferja i drift igjen.
– Ferja hang fast i kaien så me fekk ikkje kopla i frå lading. Då serviceplassen kom til staden fekk me feja i drift igjen, opplyser Kim Andre Arnesen som er operativ leiar i Fjord1.
– Er dette noko de har hatt problem med tidlegare?
– Det er ikkje noko me har hatt gjentakande problem med, nei.
Etter om lag to timar utan drift, var ferjesambandet i drift att frå Leirvåg klokka 12:15. Ferja har ikkje vorte skada som følgje av problema, seier den operative leiaren.
– Det er ingen skadar på fartøyet, men me må rekna med nokre reparasjonar på ladeanlegget.
– Vil dette ha noko å seia for ferjedrifta?
– Det vil ikkje ha noko å seia for drifta på sambandet, nei, seier Arnesen.
Måtte endra planane
Beskjeden dei mange reisande reisande som venta på ferja fekk, var at det neppe vart nokon avgangar på sambandet før tidlegast til kvelden.
Kaien vart tømt for bilar, og dei reisande fann alternative måtar å komma seg fram på, eller avbraut reisa.
Nordhordland har tidlegare skrive mykje om ferjeberedskapen på strekninga. I mai hadde næringslivsleiar Stein Inge Larsen nok ein gong fått nok, og tordna mot at fylkeskommunen ikkje har noko reserveferje å setja inn på sambandet.