OPPDATERT: MF «Melderskin» er i rute frå Leirvåg ca 15 minutt etter ruteplan, frå avgang klokka 13.15. Foresenkinga vert tatt inn etter kort tid, melder Norled.
Fredag morgon klokka 06.50, då MF «Melderskin» skulle gå frå Sløvåg, oppstod ein feil på styringsmekanismen.
– Roret slo seg ut og ferja trefte fjellveggen med fenderlista på båten, seier regionsjef i Norled, Inge Andre Utåker til Avisa Nordhordland.
Utåker legg til at ingen vart skadd i hendinga.
– Det er ikkje store synlege skader. Ein kan sjå at ferja har vore borti fjellveggen, men det er ikkje skader av betydning oppdaga så langt, seier Utåker til Avisa Nordhordland klokka 09.00.
Norled skal no undersøka MF «Melderskin» og finna ut kva som har skjedd.
– Vi må finne ut om ferja har skader vi ikkje kan sjå.

Større problem med MF «Fedjefjord» enn først anteke
Skyssbåt som reserve
Det vart sett inn skyssbåt i ruta frå avgang Leirvåg frå klokka 08.15.
– Denne tek berre passasjerar, ikkje bilar, påpeikar Utåker.

Har du endå ikkje skaffa deg AutoPASS for ferje? Måndag sluttar ferjekorta å verke
Håper på løysing innan rushet
Regionsjefen håpar dei har fått ei løysing på problemet innan fredag ettermiddag.
– I 15-tida sett fredagsrushet inn for fullt, så no fokuserer vi på å få inn ei reserveferje innan den tid, seier han.
Håpet er at MF «Melderskin» kan vere tilbake i drift innan ettermiddagen, men det er førebels for tidleg å seie om ferja kan reparerast på så kort tid.
– Folk må belaga seg på skyssbåten, utan å kunne frakta med seg bil, fram til rundt klokka 15.00, så håpar vi at problemet løyser seg før den tid, seier Utåker.

Nina Elise (21) er veteran på ferjekaia: – Bubilturistar synest billetten er for dyr
Problem med MF «Fedjefjord»
MF «Fedjefjord», på strekninga Fedje-Sævrøy, fekk trøbbel torsdag morgon, og vert liggjande til kai også fredag. Reserveferja MF «Utne» var på plass fredag morgon.
– Ei ulykke kjem sjeldan åleine, seier Utåker.

Misnøye med AutoPASS-ferje tvingar fram endringar
Kommentarer til denne saken