Redda far og son i uvêr. No har dei fått pris

November i fjor var far og son på segltur på veg heim frå Tyrkia. Seglturen enda svært dramatisk. No får redningsmennene pris.

DEL

60 nautiske mil vest av Fedje, sende far og son maydaysignal og bad om assistanse. Dei hadde segla inn i eit forferdeleg uvêr og trong hjelp.

Beredskapsbåten MS «Stril Merkur» låg då like ved, men VHF-mottakaren i seglbåten fungerte dårleg.
Redningsskøyta «Halfdan Grieg» kom til området kort tid før situasjonen blei kritisk.

Nesten orkan i kasta

Då hadde personane i seglbåten, som er på 39 fot, kjempa mot bølgene og kraftig vind heilt sidan dei sende ut «may day»-signal klokka 1650.

Det var ti meter høge bølger og opp mot 60 knop i vindkasta. Ved orkan er det 64 knop i kasta.

Uvêret vart fort så ille at dei ikkje såg nokon anna utveg enn å hoppa i sjøen. Dei bad om umiddelbar assistanse noko som redningshelikopteret på Statfjord B fekk med seg. Kort tid etter var dei begge i trygge omgivnader.

I førre veke fekk redningsmannskapet ved Statfjord B prisen «Sikorsky Rescue Awards» for innsatsen.

– Det er den mest ekstreme operasjonen eg nokon gong har vore med på. Kombinasjonen av mørke, redusert sikt, høge bølgjer og sterk vind er den verste kombinasjonen du kan ha, sa kapteinen på helikopteret Håkon Johan Skålsvik til NRK rett etter redningsaksjonen.

Artikkeltags