Gå til sidens hovedinnhold

Snart kjem det meir snø

Artikkelen er over 5 år gammel

«Snowmageddon» på fredag, kan få ein reprise på måndag.

Vêrvarslinga på Vestlandet lovar snøhungrige nordhordlendingar att snøen vert liggande i mange dagar enno.

– Det vil halda seg kjøligt til og med torsdag, seier statsmeterolog Haldis Berge til avisa Nordhordland.

Det betyr at snøen vert liggande i mange dagar enno, til glede for mange. Det kan og komma meir snø.

– Frå søndag ettermiddag kjem det enkelte byger, og dette vil det fortsetja med utover på måndagen også, seier Berge.

LES OGSÅ: Snøen skapar trafikk-kaos i Nordhordland

Ho seier at prognosane deira tyder på at det kjem mest snø i Nordhordland på måndag.

– Men prognosane kan endra seg, seier ho.

Det er stort sett ytre strok som får snø på sundag, medan på måndag vil nedbøren også trekka innover i landet.

Laurdag ettermiddag i 18-tida ligg temperaturane på -2,2 på Fedje og -7,1 på Takle. Bergen har på si side -5,8 grader.

Fredagens snøfall skapte kaos i trafikken, då helst i Bergen sentrum og vestover. Men også dei som skulle til Nordhordland fekk merka det. Mange måtte venta i over 30 minutt på Nordhordlandsbrua. Laurdag har det vore monaleg betre i Nordhordland, men Vegtrafikksentralen har fått ein del meldingar om glatte vegar.

 

– Me har fått ein del meldingar frå rundkøyringa på Frekhaug, men også på strekka frå Seim til Lygra har det vore glatt i dag, seier Idar Sangholt ved Vegtrafikksentralen til avisa Nordhordland.

– Det slo seg veldig då det lysna og sola kom på, og me har meldt vidare til mannskapa våre etterkvart som det har kome inn meldingar, seier han.

Han seier at noko av utfordringa har vore att det har vore for kaldt til at saltet fungerar.

– Snøen pakka seg veldig og det vart ei is-såle, seier han.

– Men det er meldt mildare frå sundagen av, då vil saltet byrja å virka, sluttar han.

Kommentarer til denne saken