Gå til sidens hovedinnhold

Kystverket granskar lekte lydopptak

Artikkelen er over 2 år gammel

Kystverket har starta intern gransking etter at lydopptak frå fregattkollisjonen hamna i VG.

Berre eit fåtal har tilgang til radarbilete og lydloggen som VG har publisert. No undersøkjer Kystverket om lydopptaket er henta frå deira loggar, skriv Bergensavisen.

– Dersom informasjonen er henta frå Kystverkets kjelder, så synest vi ikkje noko om det, seier regiondirektør John Erik Hagen ved Kystverket region Vest til avisa.

VG har publisert ein 16 minutts lang lydlogg mellom KNM Helge Ingstad, Sola TS og vaktsentralen Fedje VTS. Samtalen viser at fregatten fekk klare åtvaringar frå tankskipet Sola over radiosambandet før dei to skipa kolliderte.

Les også

Tankbåt og fregatt har kollidert

 

Hagen understrekar at dette er informasjonsmateriale som er beslaglagt av politiet og Havarikommisjonen.

I helga har alle med tilgang til Kystverkets lydlogg vore inne til samtaler med granskingsgruppa.

Les også

10 000 liter helikopter fuel har lekka ut frå «Helge Ingstad»: – Utsleppet truar ikkje Radøy no

 

Kommentarer til denne saken