Ferjesamband kan bli innstilt på kort varsel

Sambandet Fedje-Sævrøy kan bli innstilt på kort varsel.

DEL

Det er Norled som fredag ettermiddag melder at ferjesambandet Fedje - Sævrøy kan bli innstilt på kort varsel. Årsaka er dårleg vêrvarsel.

Fredag kveld bles ifølge Yr.no det stiv kuling frå sør-aust på Fedje, og vindstyrken skal halde seg gjennom helga.

Det er sendt ut farevarsel på gult nivå for både regn, flaum og jordskred.

Her kan du lese meir om vêrskiftet vi har i vente.

Artikkeltags