To redda frå seglbåt etter dramatisk redningsaksjon

Måtte hoppa i vatnet før dei blei henta etter fleire timar i uvêret i Nordsjøen.

DEL

Onsdag kveld gjekk det føre seg ein dramatisk redningsaksjon aust for Oseberg i Nordsjøen, der ein seglbåt var i naud.

Klokka 2217 hadde dei to personane hoppa i sjøen og deretter blitt heist opp i eit redningshelikopter som kom frå Statfjord-B.

– Det var ein redningsaksjon med stor dramatikk. Klokka 2114 melde seglbåten at dei tok inn mykje vann og at situasjonen var kritisk. Dei var redde for at båten skulle gå ned, og ønska helikopter dit, seier vakthavande redningsleiar Eirik Walle ved Hovedredningssentralen Sør-Norge (HRS).

Beredskapsbåten MS «Stril Merkur»låg då like ved, men VHF-mottakaren i seglbåten fungerte dårleg.
Redningsskøyta «Halfdan Grieg» kom til området kort tid før situasjonen blei kritisk.

Nesten orkan i kasta

Då hadde personane i seglbåten, som er på 39 fot, kjempa mot bølgene og kraftig vind heilt sidan dei sende ut «may day»-signal klokka 1650.

Det var ti meter høge bølger og opp mot 60 knop i vindkasta. Ved orkan er det 64 knop i kasta.

Flogen til Flesland

Det går etter forholda bra med dei to personane som oppheldt seg om bord. Dei blei flogne med helikopter til Flesland og hadde landa ved 2330-tida.

– Det blei rapportert at dei var i relativt god form. Dei skal til ein liten helsesjekk no, sidan dei har vore i vatnet og er nedkjølte. Dei blir møtt av politiet og ivaretas av helsepersonell på Flesland, opplyser Walle.

Seglbåten oppheldt seg om lag 60 nautiske mil vest for Fedje då naudsignalet blei sendt ut, ifølge næringslivsavisa Sysla.

Båten blei ikkje forsøkt redda på grunn av det dårlege vêret, så den vil truleg søkka i løpet av natta. HRS ønsker ikkje å seia noko om det faktum at seglbåten oppheldt seg langt til havs under det varsla uvêret.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags