Opnar ny båtrute til Fedje

Daniel Olai Kvernøy er driftsleiar i Gulenskyss AS

Daniel Olai Kvernøy er driftsleiar i Gulenskyss AS Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

I perioden 21. juni tom 19. august vil ei ny båtrute mellom Hellesøy og Fedje gå kvar onsdag og laurdag, skriv Fedje kommune på sine nettsider.

Sommarruta er eit forsøk på å knyta saman øyriket i vest tettar, og gjera rundturar i kystregionen meir tilgjengeleg både for lokalbefolkninga og for tilreisande

Tilbodet er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Øygarden, Fedje og Austrheim som saman med Hordaland fylkeskommune finansierer drift av ruta.

Båtruta er lagt opp slik at den korresponderer med busstilbodet mellom Hellesøy i Øygarden og Bergen. Dermed kan turen gjerast som ein dagstur/rundtur.

GulenSkyss as gjennomfører båtruta med båten «MS Øyrosa»  som har plass til 47 passasjerar og god uteplass til dei reisande. Dersom ein tek rundturen på sykkel kan ein også ta denne med på båten.

Artikkeltags