Vil sikra sjøtransporten betre

Sjøtrafikksentralen på Fedje.

Sjøtrafikksentralen på Fedje. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Samferdselsdepartementet gjev no Kystverket i oppdrag å førebu ei utviding av området som dekkes av sjøtrafikksentralane på Vestlandet. Farvatnet mellom Fedje og Kristiansund kan bli det første som blir innlemma.

DEL

– Eg har bedt Kystverket utarbeida eit forslag som vil styrka overvakinga av skipstrafikken. Sjøtrafikksentralane har ei av kystens viktigaste oppgåver – nemleg å redusera sannsynet for grunnstøytingar og kollisjonar i dei områda de overvakar, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Opna nyoppussa sjøtrafikksentral

Tenesteområda dekker i dag dei mest trafikkerte og risikoutsette farvatna. Det finst likevel fleire område der skipstrafikken utgjør ei betydeleg risiko, men som ikkje er dekka av sjøtrafikksentralane. Deler av Vestlandskysten, og særleg strekninga Fedje–Kristiansund, peikar seg ut.

Sjøtrafikksentralen på Fedje.

Sjøtrafikksentralen på Fedje. Foto:

– Ei analyse som er utført av DNV GL og Menon Business Economics viser at det vil vera samfunnsøkonomisk lønnsamt å utvide sjøtrafikksentralanes tenesteområde til risikoutsette farvatn. Det er ei slik utviding eg nå har bedt Kystverket førebu, seier Solvik-Olsen. (NTB)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken