Gå til sidens hovedinnhold

Datanettet er nede på Fedje

Artikkelen er over 5 år gammel

Fedje kommune har hatt ein del problem med data- og telefonnett for Fedje kommune sidan fredag. Måndag i påskeveka er ikkje noko unnatak.

BKK kjem ut og feilsøker i løpet av dagen, men ein veit enno ikkje når det vert reparert.

– Me er lei for ulempene dette medfører, skriv kommunen på sine nettsider.

Men det er likevel ikkje umogleg å koma i kontakt med øyfolket. Dei har to analoge telefonar ein kan ringa om ein må koma i kontakt med dei.

Dei er:

* Fedje sjukeheim tlf.: 5616 4322
* Fedje kommunehus 5616 4577

Kommunen har likevel ei klar oppmoding til dei som ringer for å komma i kontakt med dei;

– La det ringe lenge, dei analoge telefonane står ikkje så sentralt plassert.

Kommentarer til denne saken