Fritidshus brann ned til grunnen på Fedje i natt

BRANN: Eit feriehus brann ned til grunnen på Fedje, natt til fredag.

BRANN: Eit feriehus brann ned til grunnen på Fedje, natt til fredag. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Ingen personar kom til stade, men brannvesenet frykta lenge spredning til nabohus

DEL

Klokka 03.04 i natt vart det meldt om ein brann i ein fritidsbustad i Stormarkvegen på Fedje.

Det var folk frå Kystverket som meldte frå om brannen.

Ei stund var ein redd for at brannen skulle spre seg.

– Difor vart det gjennomført dør til dør-vekking i området, seier vaktkommandør ved 110-sentralen, Jan Henning Fossedal til avisa Nordhordland.

Men dei var heldige med vindretningen, slik at vinden gjekk utover havet og det vart aldri nokon reell fare for andre hus.

Lokalt brannvesen rykka ut med seks mann, og fekk snart bistand frå Austrheim, som kom over med sju mann og ein bil. Blant dei sju menna var det og fire røykdykkarar.

Mannskapa frå Austrheim måtte rekvirera eige ferja, og var på plassen til 0418.

Det vart konstantert at det ikkje var folk i huset, som no vert brukt til fritidsbustad.

– Det har ikkje vore folk der dei siste dagane, stadfestar lensmann i Nordhordland lensmannsdistrikt, Kjell Idar Vangberg.

Brannen vart meldt sløkt klokka 0530.

– Me opprettar sak på dette, og så vil me sjekka brannruinane når den tid kjem, seier han.

Det skjer fyrst over helga.

– Det er alt for tidleg å seia noko om årsaken enno, sluttar han.

Artikkeltags