Skip med 19 personar om bord var i havsnaud ved Fedje

Av
DEL

(BA) Like før klokka seks fredag morgon fekk Hovedredningssentralen melding om at det nye tankskipet «Ionian Star» mista maskinkraft fire kilometer vest for Fedje.

– De drev rett mot land, seier redningsleiar Johan Mannsåker ved Hovudredningssentralen i Sør-Noreg, til BA.

Fleire båtar i nærleiken reagerte raskt, blant anna kystvaktskipet KV «Senja», supplyskipet «Far Sigma» og slepefartøyet «Vivax».

Vivax fekk sett sleper om bord i havaristen klokka 0626.

– De klarte då å halde den stabilt i området fram til de fekk start på maskineriet sjølv. Situasjonen er nå under kontroll, seier Mannsåker.

Det er 19 personar om bord i 183 meter lange «Ionian Star». Tankskipet går nå for egen maskin innover mot Sløvåg, som også var den opphavlege destinasjonen.

«Ionian Star» blir eskortert av slepefartøya «Vivax» og «Silex».

Redningshelikopter rykket ut frå Florø, men kunne snu då situasjonen var under kontroll.

Her blir «Ionian Star» (i rødt) eskortert av slepefartøyene «Vivax» og «Silex» mot Sløvåg. Supplyskipet «Far Sigma» kjører i front.

Artikkeltags