Malene er blant dei mest avspelte i TV 2 si nye storsatsing – Malene knivar om å få visa seg fram for platebransjen

VIL SLÅ GJENNOM: Malene spelte inn countrysongen «More Like Her» i studio hjå Jon Martin Skauge, med kjærasten, Daniel Pettersen, bak mobilkameraet. Arkivfoto.

VIL SLÅ GJENNOM: Malene spelte inn countrysongen «More Like Her» i studio hjå Jon Martin Skauge, med kjærasten, Daniel Pettersen, bak mobilkameraet. Arkivfoto.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

I skrivande stund ligg ho på 88. plass. Dei hundre mest streama innan midnatt går vidare i konkurransen.

LES OGSÅ: Sjå topplista til «The Stream» her

Malene Gullaksen frå Fedje knivar i toppen om å verta streama flest gonger i den nye TV2-satsinga «The Stream». Dei som vert streama mest får visa seg fram for plateselskapa.

Malene Sjøvold Gullaksen (22) blei gjort merksam på konkurransen gjennom mor til kjærasten. Ho blei pusha av både familien og kjærasten til å melda seg på.

– Eg kjem frå ein musikalsk familie, og elskar å synga, fortel Gullaksen, som har delteke fleire gonger på UKM, spelar i band, og syng i kor. Bandet ho er medlem i «Honeytrap», spelar opp til dans på øya i vest, og består av Otto Andre Nordby på trommer, Jan Torry Sande på bass, Roy Ophaug på gitar, og søstra til Malene, Anne Sjøvold Gullaksen på keyboard og vokal.

LES OGSÅ: Lokaloppgjer i Beat for beat

Musikkdraum

Far til Malene spelar i band, og mora i musikkorps. Malene drøymer om å driva med musikk på heiltid.

Skal du stemma på Malene, må du følga denne lenka.

– Nett no er eg ferdig utdanna sjukepleiar, og arbeidar på Betanien i Bergen på psykiatrisk avdeling. Men det er klart at draumen hadde vore å fått reist rundt med musikken, seier ho. 

LES OGSÅ: – Vinn vi ikkje konkurransen, skal vi vinna festen!

Ligg godt an

Konseptet til TV2 si nye talentsatsing er at dei går saman med verdas tre største plateselskap Universal Music, Sony Music, og Warner Music, samt streaming-giganten Spotify for å oppdaga og skapa nye artistar slik det vert gjort i 2016. Dei 100 som vert streama mest går vidare til auditions, og showcase for plateselskapa. Nett no ligg Malene på 64.-plass over dei som er streama mest, men for ei veke sidan låg ho på 46.-plass.

– Eg er svært glad om nokon vil streama meg, og det går an å streama fleire gonger for dagen, seier Malene, som reknar med at mor hennar og kjærasten er dei som har streama ho mest sidan ho melde seg på.

LES OGSÅ: DJ Friendly tilbake på lufta

Tilspissar seg

Låten Malene har valt er «More like her» av Miranda Lambert.

– Det er ein countrylåt som eg likar veldig godt, og som eg har sunge i mange år, mellom anna i bandet, fortel ho.

No er det ein månad att før det vert avgjort kven av dei 1060 påmelde som er streama mest.

– Eg er veldig glad for at eg har lagt så langt oppe på lista, men konkurransen tilspisser seg og eg er avhengig av at folk streamar, seier Malene.

Også 17-år gamle Silje Kvamme Andersen er med på konkurransen til TV 2.

Denne saka vart først publisert 1. april.

Skal du stemma på Silje, må du følga denne lenka her.

Artikkeltags