Det er klart for fiskefestival: Dra storfisken på Fedje

FISKEFESTIVAL: Lørdag er det fiskefestival på øya i havgapet. FOTO: Yngve Garen Svardal

FISKEFESTIVAL: Lørdag er det fiskefestival på øya i havgapet. FOTO: Yngve Garen Svardal

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Jonsokafta er det klart for fiskefestival på Fedje. Det blir festivalmoro i heile helga.

DEL

Det startar på badestranda fredag ettermiddag, der det vert sal av grillmat og andre godsaker, og dei som vil kan prøva seg på stand up paddle board (SUP), vanntrampoline, hoppeslott og anna moro. Om fredagskvelden er det også festivalspel på Fab nr 8 med Never Mind, som byr på allsong og god stemning.

Laurdag er det klart for dei som vil konkurrera om den store fangsten. Det er salsboder og moro på kaien.

Det vert bålbrenning i Taraldsevja laurdags kveld, og det vert høve til grilling. Det blir gudsteneste kl. 19.00, og innslag frå lokale kor. Seinare på kvelden er det festivaldans med Wizz Wazz i fleirbrukshallen.

Søndag er det omvising i den nyoppussa Fiskarheimen, med enkel servering. Om kvelden inviterer ungdomsrådet alle ungdomar til festivalavslutning på badestranda.

Artikkeltags