Kommunestyret splitta – Fedje AP seier blankt nei til kommunesamanslåing

LOKALST SJØLVSTYRE BEST: Det meiner Kristin Handeland og Ap. Arkivfoto.

LOKALST SJØLVSTYRE BEST: Det meiner Kristin Handeland og Ap. Arkivfoto.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Meiner sjølvstyre er klart best for det vesle øysamfunnet. Politikarane er splitta i saka

DEL

Ap, Frp og Demokratane går mot storkommune. Høgre og Krf vil følgja framdriftsplanen. Usemja førte til debatt i kommunestyre i Fedje torsag.

Kommunestyre var splitta torsdag i saka om kommunereforma, milepælaplan. Med 6 mot ni stemmer blei framlegget til Ingmar Sturberg (KrF) vedteke. Framlegget seier at «Fedje kommune sluttar seg til den milepelsplan som NHL kommunane legg opp til med folkemøte i april, opinionsundersøking i mai og endeleg saksutgreiing og vedtak i junimøtet i kommunestyret». Høgre og KrF røysta for framlegget.

LES OGSÅ: Styrkar skulen for å ivareta nye flyktningar

Best åleine

Kristin Handeland (Ap) meiner Fedje har det best åleine, og ønskte å avslutta vidare arbeid med kommunesamanslåing for øykommunen. I endringsframlegget frå Ap heiter det at «Kommunestyret kan ikkje sjå at den framlagde intensjonsavtalen gir grunnlag for at Fedje kommune skal slå seg saman med dei andre kommunane i Nordhordland. Fedje vil i overskueleg framtid vera eit øysamfunn, utan fastlandssamband og med sine heilt spesielle utfordringar. Kommunestyret ser det slik at eit lokalt sjølvstyre også i framtida vil vera best eigna til å handtera øysamfunnet sine mange utfordringar, framleis i nært samarbeid med dei andre kommunane i regionen og dei andre kommunane i Øysamarbeidet. Fedje fekk kommunalt sjølvstyre i 1947. Ei eventuell samanslåing vil mellom anna innebera at Fedje høgst sannsynleg ikkje vil få ein einaste representant i det nye kommunestyret. Kommunestyret viser til det som er sagt ovanfor og avsluttar med dette vidare arbeid med eventuell kommunesamanslåing».

Kristin Handelend sitt framlegg fekk støtte frå Frp og Demokratane då endringsframlegga vart sett opp mot kvarandre i voteringa.

LES OGSÅ: Kommunelegen på Fedje redda Arild då han falt om på flyet

Nedstemt

Før endringsframlegga vart det votert over formannskapet si instilling. framlegget falt samrøstes. I formannskapet sitt vedtak heiter det at «For Fedje kommune er intensjonsavtalen fullt ut tilfredsstillande. Når det gjeld det vidare løp i denne saka, så sluttar kommunen seg til den milepelsplan som NHL kommunane legg opp til».

LES OGSÅ: Kommunesamanslåing: – Dei unge er mest negative til samanslåing

Artikkeltags