Fedjingane har utpeikt sitt kokkelag som skal trylla fram tradisjonsrike rettar frå landsbyen ut i havet – gjerne med eit moderne tilsnitt.
- Vi er interesserte i å få gamle oppskrifter som har vore i bruk på Fedje, seier Leif Berg, Freddy Aga, Lene Ågotnes og Lolita Nordbø, fire av dei fem som er med i kokkeklaget.
Tradisjonsmat
Også kokkelaget er ein del av omstillingsprosjektet. Dei skal om mogleg kåra den mest spesielle Fedje-retten.
- Det må basera seg på noko av tradisjonsmaten, seier Leif Berg, til dagleg kokk på sjukeheim. Men kams – eller brosmelever - har han ikkje den store sansen for.
Ein av tradisjonane går ut på at kams blir trykt inn i eit brosmehovud og kokt.
Heilt spesielt
- Det hadde vore moro om vi kunne koma opp med noko heilt spesielt for Fedje. Kanskje laga nye vriar på tradisjonsrik mat, seier Freddy Aga, som har drive spisestader i Bergen i mange år. No er han heimflytta pendlar med Hordaland og Sogn og Fjordane som sitt salsområde innan brød og bakarvarer.
Freddy er nevøen til Leif, og saman har dei kokt i ein god del bryllaup på Fedje.
Også Lene Ågotnes er i bransjen, som dagleg leiar på den nyetablerte Pernillekafeen.
Kvaltapas kan vera noko å satsa på, meiner kokkelauget. - Du kan laga mykje spennande av kvalkjøt, seier firkløveret.