Til jubel og trampeklapp frå små og store fedjingar, naturvernarar, fylkesmann, fylkesordførar, ordførarar, andre gjestar og ikkje minst aksjonsdamene, spelte Alexander Rybak årets Grand prix-låt som han skal representera Norge med i Moskva.Like før sette Elisabeth Andreassen stemninga med ein mix av hennar bidrag i den internasjonale songkonkurransen, med vinnarmelodien La det svinge som høgdepunkt.

Den eine sviska følgde den andre frå dei to populære artistane som kler hvarandre svært så godt musikalsk. Med ein god dialog, og artig ordveksling, særleg frå unge Rybak vart det ein svært så livat kveld i fedjingane si storstove. Dei 400 billettane gjekk raskt unna og liten og stor fekk ein flott sigerskveld der ubåt-vedtaket vart feira.

- For ein gjeng de er som har fått opp ubåten frå havet. Fy søren som de har kjempa, sa Bettan og avslutta med "Nu maar jag mykke betre".