Godt grep om klubba

FIRE NYE ÅR? Høgre har enorm framgang på Fedje, men Ap og og Kristin Handeland har framleis langt fleire røyster. (Arkivfoto)

FIRE NYE ÅR? Høgre har enorm framgang på Fedje, men Ap og og Kristin Handeland har framleis langt fleire røyster. (Arkivfoto)

Artikkelen er over 7 år gammel

Berre borgarleg samling kan vippa Kristin Handeland ut av ordførarstolen på Fedje.

DEL

Dei førebelse resultata frå Fedje viser eit brakval for Høgre og Terje Storemark. Høgre som stilte med totalt ny liste i år, ligg an til å få 28.6 prosent. det gir ein formidabel framgang på 10.9 prosent.

Arbeidarpartiet ligg likevel an til å behalda ordføraren med sine 34.7 prosent. Også dette er framgang, men berre 1.7 prosent.

Frp og Krf er dei store taparane på Fedje, med rekkjevis 12.5 og 19.6 prosent. Demokratane ligg an til å halda stillinga med sine 4.6.

Skulle desse resultata bli endelege, vil Ap ha 5 i kommunestyret, Høgre 4, Krf 3, Frp 2 og Demokratane 1.

Høgre sin sjanse i å kapra ordføraren ligg då i å få Krf med på laget. Krf sin forhandlingsleiar Roy Tungeland seier no i kveld til Nh at partiet ikkje har bestemt seg for om samarbeidet med Ap vert ført vidare.

- Vi kjem til å ha samtalar no i kveld, stadfestar Tungeland. Han seier elles at Krf er skuffa, men at partiet var budd på nedgang.

- At Høgre gjer eit godt val, og at Ap framleis står sterkt, er ikkje overraskande, seier han til Nh.

Frammøtet på Fedje er elles over 86 prosent, klart best i Nordhordland.

Artikkeltags