Idar Tangen tronar i 2017 øvst på skattelistene for Fedje kommune med ein formue på 13,6 millionar kroner. Det er to millionar meir enn legefrue og Høgre-politikar Torill Hermansen Horgen.

Tangen har på berre to år nesten dobla sin formue frå 7,4 millionar kroner til 13,6 millionar kroner.

– Det har med verdsetjing av eigedommar å gjera. Det er mest truleg heile forklaringa, seier Idar Tangen til avisa Nordhordland.

– Har ikkje tent pengar på samarbeidet med Hanvold

Han seier han brukar tida si på å driva med eigedommar.

– Det går litt tid med det, seier han.

Deler av forretningane sine har Tangen med sonen sin Christian Tangen, men ein gjennomgang av dei bedriftene han er med i viser at han framleis er tett knytt til den omstridde TV-pastoren Jan Hanvold gjennom ei rekke selskap.

Forholdet deira vart belyst av NRK Brennpunkt i ein dokumentar for to år sidan. Det byrja med at Tangen selde eit oppdrettsanlegg i Osterfjorden og sat att med store summar. Deretter kjøpte han seg inn og vart største aksjonær i Norge i dag og plasserte dottera i styret. Deretter sette Finn Jarle Sæle og den svært omstridde TV-pastoren Jan Hanvold i kontakt med Tangen.

 

Deretter gjekk Tangen inn som største aksjonær i Hallingskarvet høgfjellshotell, same plass som Hanvold vil bygga ein rusfri hyttelandsby. Tangen lånte og Hanvolds hotell ein million kroner.

Saman har dei og oppretta Tajo Holding, eit investeringsselskap dei eig halvparten av kvar. Selskapet eig mellom anna Eiker grafiske eigedom. Tajo Holding var og inne i bildet med finansiering då Visjon Nødhjelp kjøpte ei tomt for 13,3 millionar kroner i Drammen.

Det skal vera åtte selskap kor familien Tangen på Fedje og Jan Hanvold investerer eller har investert saman. Tangen har og pant i ein privat eigedom som Hanvold har, skriv NRK.

Tangen seier til avisa Nordhordland at dei ikkje har tent pengar på samarbeidet.

– Det har vore reint dugnadsarbeid. Me har berre tapt pengar på det, seier Tangen til avisa Nordhordland.

Han seier at det heller ikkje har vore deira intensjon å tena pengar på det.

– Tærer på oppsparte midlar

Han er provosert over NRK Brennpunkt sin artikkel og kallar det løgn og lygenytt.

– Mesteparten i den dokumentaren var berre løgn og alt om oss var berre løgn, seier Tangen som meiner NRK burde fokusert meir på kva dei har gjort for dei fattige. og taparane i samfunnet.

– Alt det me jobbar med toler dagens lys, også dei gåver og hjelpa me har gjeve, seier han.

– Dei siste åra er du oppført med ei inntekt på rundt ein million kroner brutto. Den inntekta gjekk ned til rett under 700 000 kroner, inkludert skatt. Kva tenar du pengar på?

– Noko av inntekta kjem frå eigedommar me har i bergensområdet og noko skuldast aksjeutbytte, fortel han.

Familien Tangen driv for det meste sine forretningar gjennom selskapet Cit Holding, som Idar og sonen Christian Tangen eig halvparten av kvar.

Sonen Christian Tangen er ført opp med ein formue på sju millionar kroner i 2017 og ei inntekt på 122 143 kroner.