Det svenske firmaet Frigeo vil frysa havbotnen utanfor Fedje ned til minus 40 grader for å sikra ei trygg heving av U 864.
Det er det danske fagbladet Ingeniøren som har gjort eit stort nummer ut av nedfrysingsteknikken, melder NTB.
Frigeo sin fryseteknikk har tidlegare vore brukt i samband med hevinga av eit svensk DC 3-fly som låg på 130 meters djup i Østersjøen.
Teknikken går ut på at ei rekkje celler vert senka ned på havbotnen rundt vraket, og frose ned til minus 30-40 grader.
Sjå animasjon av korleis hevinga kan skje her (Ekstern lenkje)
Dette gjer at sedimenta rundt vraket vert harde som betong, og held seg i ro medan hevinga pågår. Når vraket er oppe, kan ein så heva dei djupfrosne cellene og dermed og reinsa desse for kvikksølv.
Hevinga av sjølve vraket tenkjer svenskane mest truleg å gjera ved å kapsla inn heile vraket.
- Ein av tre metodar
Den førebelse idéskissa frå selskapet, går i følgje NTB ut på å spreia platene ut over havbotnen i området rundt U 864, slik at sedimentet vert stabilt under hevinga av vraket.
Dette reduserar risikoen for at ubåten veltar. Etterpå vert platene heva og reinsa for kvikksølv.
Prosjektleiar for U 864-operasjonen i Kystverket, Hans Petter Mortensholm, seier til NTB at frysemetoden er ein av tre metodar som har fått finansiell støtte etter den opne idékonkurransen som no er avslutta.
I denne delen av Kystverket sitt arbeid med å utreia aktuelle, innovative hevingsmetodar, kom det inn til saman 15 forslag.
Heving neste år?
No pågår altså andre del av anbodskonkurransen, som rettar seg mot fire allereie kvalifiserte hevingsaktørar. Desse har frist til 4. april med å koma med hevingstilbod.
Etter dette skal Norske Veritas og Kystverket gi sine anbefalingar.
4. august er datoen for Kystverket si anbefaling, og etter dette vert det opp til politikarane å ta den endelege avgjerda om ubåten skal hevast eller dekkast til.
Ei eventuell heving vil skje på våren eller sommaren 2009 eller 2010.
Sjå animasjon av korleis hevinga kan skje her (Ekstern lenkje)