Folkeaksjonen for heving av kvikksølvet i Ubåten U-864 ved Fedje har mottatt Naturvernforbundet Hordaland sin miljøpris for 2008. Prisen blei overrekt under årsmøtet til Naturvernforbundet Hordaland lørdag.

I grunngjevinga for prisen vert det slått fast at ildsjelane bak folkeaksjonen er eit førebilete og ein inspirasjon for alle som driv natur- og miljøvernarbeid i Noreg.

Med sitt store engasjement og pågangsmot, makta damene å løfta motstanden mot ukritisk å dekkja til ubåten frå lokalbutikken på øya, til høyringar i Stortinget, heiter det.

I tillegg til å jobba opp mot dei politiske partia, sto Folkeaksjonen bak eit fakkeltog med 300 deltakarar som protesterte mot styresmaktene sine planar om å dekja til ubåtvraket.

Prisen vart mottatt av Marie Karlsen, Reidun Moldøen og Lisbeth Stuberg frå folkeaksjonen. Dei trekte fram at prisen var ein inspirasjon til vidare arbeid.

Prisen vart delt ut av leiar i Naturvernforbundet Hordaland, Ingar Flatlandsmo. Han minna om at den norske natur- og miljørøyrslas opprinning ligg i grasrotaksjonar som stiller dei kritiske spørsmåla og som pressar styresmaktene til å svara på dei, slik Folkeaksjonen på Fedje har gjort.

- Det er eit trist faktum at saka rundt handsaminga av kvikksølve utanfor Fedje ikkje hadde fått ei forsvarleg handsaming om det ikkje var for arbeidet til folkeaksjonen. Det er ein stor inspirasjon for alle oss som driv natur- og miljøarbeid å sjå dei resultata dei har fått så langt, sa Flatlandsmo som vart attvald som leiar for Naturvernforbundet Hordaland.