Miljøpris til fedjekvinnene

Artikkelen er over 12 år gammel

Venstre sin miljøpris vert tildelt aksjonsgruppa "Folkeaksjonen hev U-864", i dag på verdas miljødag.

DEL

Fedjekvinnene sitt arbeid for å få fjerna ubåtvraket som ligg like utanfor stovedøra deira, har blitt lagt merke til langt ut over Nordhordland sine grenser.

I ettermiddag vert aksjonsgruppa tildelt Hordaland Venstre sin årlege miljøpris. Prisen – eit diplom og eit keramikkfat - vert delt ut til ein organisasjon eller einskildperson som har sett i gang eller gjennomført prosjekt for å ta vare på verdifulle naturområde, nærmiljø, kulturlandskap, kulturmiljø eller matjord.

Artikkeltags