Miljøpris til Fedje-folket

Foto:

Artikkelen er over 12 år gammel

Hordland fylkeskommune sin miljøpris for 2006 er tildelt Fedje-folket, for deira samstemte engasjement for å få fjerna kvikksølvet frå U-864.

DEL

Miljøprisen på 35 000 kroner går til Fedje kommunen og «Folkeaksjonen for heving av kvikksølvet frå U-864». Prisen vert tildelt for eit særdeles stort engasjement for å hindra ein framtidig miljøkatastrofe som følgje av den store kvikksølvlasta i vraket av U-864.

Prisen vart utdelt under Hordaland fylkesting sitt møte i Bergen i dag.

- Heilt frå det vart kjend at ubåten som ligg på botnen utanfor Fedje kunne ha ei stor kvikksølvlast om bord, har Fedjefolket vore klår i sin tale: Kvikksølvet må opp og handterast forsvarleg på land!, sa leiar i kultur og ressursutvalet Geord Indrevik som stod for utdelinga.

Han viste til at i denne kampen har Fedje-samfunnet fått med seg miljøorganisasjonar, fiskeriinteresser, fylkespolitikarar og stortingsrepresentantar.

– Og når direktorat og departement i sine rapportar har kome til at tildekking av ubåt og last kan vera forsvarleg, har de ikkje gjeve opp kampen. I staden aksjonerte de og auka det politiske presset, og fekk gjennomslag for at nye vurderingar av hevingsalternativet må gjennomførast. Vi veit enno ikkje resultatet av dette, men med den merksemda saka har fått nasjonalt og internasjonalt, må styresmaktene gjere sitt yttarste for å få til ei permanent god miljøløysing, sa Indrevik.

Han framheva også at Fedjesamfunnet har stått saman i kampen for å få tilbake det statlege oljeverndepotet. Og Fedje var den første kommunen i landet som fekk miljøsertifisert alle sine einingar.

Artikkeltags