Ingen avklaring for ubåten

Foto:

Artikkelen er over 11 år gammel

Men svaret kjem snart.

DEL

- Regjeringa tar forholda rundt ubåten på høgste alvor, difor har vi og brukt 60 millionar på utreiing, sa fiskeriminister Helga Pedersen til folket på Fedje for ein times tid sidan.

Ho hadde ingen lovnad med då ho kom i land frå losbåten, men sa at svaret frå regjeringa kjem til å koma snart. Sjølv var statsråden på Fedje for å høra kva folket der meiner.

Lisbeths Stuberg heldt appell på kaien med 250 frammøtte.

- Vi krev ei løysing som gjer at problemet er vekke ein gong for alle. Det er no ein har sjansen. Dekkjer ein til vraket, mister ein den sjansen, sa Stuberg.

Ein usedvanleg mild Kurt Oddekalv sa at han ikkje misunte ministeren presset og at ho uforskylt har fått ei miljøbombe i fanget. Han ba ho råda statsministeren om at heving var einaste løysinga.

Naturvernforbundet overrekkte fiskeriministeren ei utreiing der deira ekspertar meiner at risikoen for heving er overvurdert, og for tildekking undervurdert.

Helga Pedersen er no på besøk på Fedje skule og skal sidan på Trafikksentralen.

Artikkeltags