Sjølv om Kystverket går inn for tildekking av ubåten U 864 utanfor Fedje, er folkeaksjonen for heving av ubåten framleis optimistiske.

- Vi har fått høyra innstillingane, og dei er både negative og positive. Dei konkluderar jo med at det er like trygt å dekka til ubåten som det er å heva den, seier folkeaksjonsleiar Marie Karlsen til nh.

Saman med to andre frå aksjonen, var ho på plass i Plenumsalen i Regjeringskvartalet i Oslo, der den offisielle pressekonferansen i samband med leveringa av Kystverket si innstilling fann stad mandag føremiddag.

Om dei kan tru på lovnadane om at begge alternativ er like gode, vil ikkje Karlsen seia heilt sikkert.

- Vi appellerar i alle fall til dei som skal ta den endelege avgjerda, og vi er framleis optimistiske i forhold til heving av ubåten, seier Karlsen til nh.

Sei di meining om saka på Nordhordland no

Les alt om Fedje-ubåten her