D-dag for ubåten

Artikkelen er over 12 år gammel

1. juli i år.

DEL

Fedje-rådmannen er optimistisk etter at representantar for Kystverket og Veritas var på Fedje for å drøfta ubåt-saka med kommuneleiinga. Kystverket legg fram si innstilling 1. juli.

- Vi har sjølvsagt ingen garanti eller sikkerheit for at ubåten blir heva. Men vi fekk eit klart inntrykk av at Kystverket er i ferd med å gjera ein grundig og god jobb for å få eit best mogleg grunnlag for si innstilling. Dei vurderer alle alternativ, seier rådmann Vidar Bråthen.

Kystverket stilte med to representantar på møtet med kommuneleiinga nyleg. Ein av dei var fungerande beredskapssjef Johan M. Ly. I tillegg deltok ein prosjektleiar frå Veritas.

Tre selskap heng med

To utanlandske og eitt norsk selskap heng no med i kampen om å få oppdraget med å heva ubåten og kvikksølvlasta, dersom heving skulle bli utfallet.

Kystverket skal 1. juli koma med si innstilling om kva dei meiner bør gjerast med ubåten. Seinare blir det opp til politiske styresmakter å ta den endelege avgjerda.

- Men etter besøket har vi ikkje blitt svekka i trua på det går slik vi håpar. Vi ser i alle fall ikkje større grunn til uro no enn det vi har gjort tidlegare, snarare tvert imot. Vi hadde ein god dialog med Kystverket sine folk under møtet, seier Fedje-rådmannen.

Også Marie Karlsen frå Folkeaksjonen for heving av ubåten var med på møtet.

Artikkeltags