Fedje kommune ber alle hyttefolk om å reise heim: – Normalt er det kjekt å sjå at husa og hyttene på Fedje er fulle i folk, men ikkje no

Ber hyttefolk reise heim.

Ber hyttefolk reise heim. Foto:

Torsdag denne veka blei alle innbyggjarar råda til å ikkje dra på hytta grunna korona-viruset. No ber Fedje kommune alle hyttefolk om å dra heim.

DEL

– Me har nokre krevjande dagar bak oss, og vi vil få fleire. Uansett er det viktig at vi alle bidrar til å vareta kvarandre, skriv Fedje-ordførar, Stian Herøy på kommunen si heimeside.

Regjeringa har tidlegare råda folk til å ikkje reise på hyttene, då det kan bidra til smittespreiing. Dette på grunn av at det lokale helsevesenet kan bryte saman om mange blir sjuke.

– Helsevesenet her er rigga for å handtere den befolkninga vi normalt har. I ein krisesituasjon som denne, vil ekstra pasientar legge ein ekstra byrde på helsepersonellet vårt som allereie har hatt nokre tøffe dagar bak seg, seier Herøy.

Også smittevernlege i Fedje kommune, Ernst Horgen, ber folk om å føle opp råd og varsel frå regjeringa.

– Me har dels behov for lågast mogeleg smittepress, og dels vil vi måtte prioritere dei sjukaste blant oss, skriv han på kommunen si Facebook-side.

Han rår alle til å halde god avstand på ferja.

Hugs at du kan lese meir om korona-viruset og råd på Folkehelseinstituttet si heimeside.

Artikkeltags