– Då dei undersøkte meg oppdaga legane ein stor svulst som var på veg til å tetta tjukktarmen min, fortel Herman Titlestad.

Hadde han ikkje insistert på å verta undersøkt, hadde truleg ikkje Herman levd i dag.

Det var i 2011 at Herman bestemde seg for å prata med fastlegen sin om tjukktarmskreften til både mora og broren.

– Legen til min bror sa at dersom han hadde søsken, burde dei undersøkjast. Sidan fleire i familien hadde vorte ramma av denne typen kreft, meinte han det var viktig at nær slekt fekk tilvising til kontroll, fortel Herman.

LES OGSÅ: For eit år sidan var han utslått av kreft, tysdag sprang han 5 km på 22.48

– Eg merka ingenting, hadde ikkje nokon helseproblem og levde livets glade dagar – men eg tenkte det kunne vera lurt å sjekka dette opp.

Då Herman fekk time til legen hausten 2011, var det ein vikar som møtte han. Då Herman avkrefta at han hadde nokon spesielle symptom på tjukktarmskreft, vart han totalt avvist. Vikaren meinte då han ikkje trengde å ta nokon test, og ville ikkje henvise han vidare til undersøking.

– Eg synest det var eit dårleg grunnlag å avvisa meg på, når eg fortalde om sjukdomsbilete i familien.

Herman hadde bestemd seg for at eg ville ha denne kontrollen, og gjekk difor tilbake til fastlegen, som var tilbake to veker seinare. Då vart han, utan nøling, sendt vidare til undersøking.

Rett før jul i 2011, kom beskjeden ein aldri håper ein får: Herman fekk påvist tjukktarmskreft.

– Eg tok beskjeden med fatning, og vart ikkje direkte redd – men ein gjer seg jo nokre tankar når ein får ein slik beskjed, seier no 71 år gamle Herman, som bur i Knarvik.

Eg merka ingenting, hadde ikkje nokon helseproblem og levde livets glade dagar – men eg tenkte det kunne vera lurt å sjekka dette opp.

Herman Titlestad

 

To dagar inn i 2012 vart Herman operert, men det var i dagane etterpå dei verkelege problema kom. Herman låg med 40–41 i feber fleire dagar.

– Eg hallusinasjonerte og såg troll i taket. Det var ikkje akkurat søtt.

Etter elleve dagar med skyhøg feber vart Herman hasteoperert midt på natta. Det viste seg at tjukktarmen var på veg å sprekka.

– Hadde dei ikkje bestemd seg for å operera meg akkurat då, hadde dei kanskje ikkje klart å redda meg. Det var snakk om timar, fortel Herman.

Herman var heldig som klarte å lura seg unna døden. Berre tilfelle førte til at historia enda så bra som den gjorde.

– Då eg var sjuk reflekterte eg aldri over døden. Eg tenkte at «det går som det går». Kreft er noko ein veit kan gå begge vegar, men eg har vore utruleg heldig. Eg kom meg til lege tidsnok, og det redda meg, seier han.

LES OGSÅ: Her heidrar MC-kompisane kreftsjuke Magne

Herman trur at å vera positiv og ikkje tenkja for mørke tankar rundt sjukdommen er viktig.

– Å tenkje framover, og ikkje berre negativt trur eg faktisk kan vera avgjerande.

Sidan operasjonen har Herman vore til kontroll kvart halvår. No i desember er det fem år sidan han fekk kreftbeskjeden, noko som betyr at han vert friskmeldt i april 2017, dersom han heller ikkje då har fått tilbakefall.

Hadde dei ikkje bestemd seg for å operera meg akkurat då, hadde dei kanskje ikkje klart å redda meg. Det var snakk om timar.

Herman Titlestad

 

No ønsker Herman å gje noko tilbake. Gjera noko av betydning.

– Viss eg kan gjera noko som kan gi kreftramma ein betre kvardag, vil eg gjera det. Det er min store motivasjon.

Difor har han i snart eit år lagt ned tallause timar i eit stort innsamlingsarrangement kor kreft er tema. 16. oktober arrangerast «Du er ikkje åleine» i Idrettshallen på Mongstad.

– Det vil verta fleire foredrag, musikkinnslag og ein paneldebatt. Hovudtema og den røde tråden i arrangementet er meistring – korleis ein taklar kvardagen når ein har kreft. Når ein får ein slik sjukdom går mange ned i kjellaren. Å vera pårørande for nokon som har kreft er heller ikkje lett. Kanskje har dei det verre enn den som er sjuk. Viss den kreftramma dør, sit ofte dei pårørande igjen dønn åleine, seier Herman, og fortel at arrangementet på Mongstad er like mykje for dei som har kreft, dei som er pårørande og dei som er friske.

– Ein veit aldri kva morgondagen kan bringe.

LES OGSÅ: Rakel fekk mamma si nyre

Arrangementet er gratis, men bøssebærarar vil gå rundt i lokalet heile dagen. Bidraget til folk som gjer pengar vil vera øyremerka forsking, samt gå til «temakafé» for kreftpasientar og pårørande i Nordhordland.

– Per dags dato finst det berre ein slik temakafé i Nordhordland, og der er i Lindås, men etter dette arrangementet og pengane det vil generera er planen at tilbodet spreiar seg også til andre kommunar. Det kostar ikkje så mykje å gjera det, så tanken er at dette vil gje dei eit puff framover, seier Herman.

Når ein får ein slik sjukdom går mange ned i kjellaren. Å vera pårørande for nokon som har kreft er heller ikkje lett. Kanskje har det dei det verre enn den som er sjuk.

Herman Titlestad

Han trur eit slikt tilbod er viktig og nødvendig.

– Eg trur det betyr mykje for folk å møte likesinna og ha nokon å prata med, seier Herman.

71-åringen har jobba hardt for å få dette til, og har brukt store deler av fritida si på noko som gagnar mange kreftramma og pårørande i Nordhordland.

– Det har vore meir jobb enn eg hadde trudd. Men viss dette kan hjelpa nokon vil det vera verdt det. Då har eg fått att for strevet.